Lansering av fotoboka Radius 500 meter på Esso i Dåsnes

Esso på Dåsnes, Dåsnes, Hornnes

Laurdag 3. oktober legg me plank over smøregrava på verkstaden og inviterer til ein kveld med fotografi og olje i skjønn foreining. Bildane til min bestefar Åsmund Abusdal frå sytti- og åttitalet er samla i bokform og dette må feirast. Det vert musikk og diesel på danseskoa. Ta med noko leskande om du tenkjer å bli utover kvelden.